Hopp til innhald

Patologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Virtuelt mikroskop som kan brukast til å undersøka vev.

Patologi (frå gresk pathos, liding' og logos, 'lære') er ei medisinsk vitskapsgrein som tek føre seg tilstanden til levande skapningar under sjukdom eller skade. «Patologisk» er eit adjektiv som gjerne vert nytta som eit meir generelt omgrep på sjukelege tilstandar. Substantivet patologi blir ofte òg bruka i tydinga «sjukdomstilstand», men dette vert av mange rekna som mindre god språkbruk.

Patologisk undersøking inneber testing av prøver i eit medisinsk laboratorium og diagnostiserer helseproblem frå deira bevis. Eit laboratorium vil granska materialet, t. d. kroppsvesker (blod, spytt, sveitte, sæd, urin) eller lokale prøver (biopsiar) og resultatet kan då visa evt. patologi i tydinga sjukeleg tilstand. Ein heil lekam eller delar av denne kan også undersøkjast av patolog ved obduksjon. Patologar er ekspertar i å tolke testresultata og fysiske bevis.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy